Sommerland (2011)

.

SommerlandVarm komedie frå Island.

Hovedpersonen Oskar køyrer rundt i ein gammal kassebil med eit plastskjelett på taket. Han bur i eit kråkeslott saman med ei kone som snakkar med dei døde, ein son med usynlege venner og ei dotter i puberteten som synest alt er ganske flaut.

Det går ikkje bra med familiebedrifta og kreditorane vil tvangsauksjonere bort alt dei eig. Men så kjem det to tyske turistar på besøk som er svært interesserte i ein alvestein Oskar har i hagen sin og som tilbyr ein enorm pengesum for å få kjøpe den. Problemet er berre at kona trur alvane er ekte og at desse er kjelda til dei overnaturlige evnene hennar. Ein journalist som hevdar at alt berre er lureri gjer heller ikkje saka betre.

Etter at Oscar har selt alvesteinen blir kona sjuk. Legane klarer ikkje å finne ut kva det er, og Oscar byrjar å lure på om det kanskje er noko mellom himmel og jord som ikkje let seg forklare.

Sommerland er ein stillferdig film med lavmælt humor og tragikomiske situasjonar. Under ligg refleksjonar og kritikk av kapitalismen sitt mantra om at alt kan kjøpast og at pengar gjer deg lykkeleg – kva skjer med folkesjela når røtene forsvinn? Filmen fungerer bra som eit bilde på utviklinga av den nyliberale mentaliteten på Island, der gamle verdiar blei kasta på sjøen. Nokre gonger blir Sommerland litt for overtydeleg i samfunnskritikken, men den sluttar aldri å vere underhaldande.

Anne Marit

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: