Submarino (2010)

.

submarinoNick (Jakob Cedergren) og den yngre broren hans (Peter Plaugborg) blir i barndommen offer for ei traumatisk oppleving som gir dei varige arr i sinnet. Som vaksen bur ein frustrert og aggressiv Nick på eit herberge og har slått seg på flaska. Han søker trøyst hjå den einsame naboen Sofie (Patricia Schumann) – ho er ei like fortapt sjel som han sjølv.

Lillebroren bur saman med sonen sin Martin (Gustav Fischer Kjærulff) og gir guten all sin kjærleik, men han har eit kjempemessig rusproblem og økonomien til familien heng ikkje saman. Då brørne arvar ein masse pengar etter at mora døyr, ser den yngste broren det som ei muligheit og invisterer pengane i narkosalg. Han er sikker på at det kan gi sonen hans det livet som han sjølv alltid har drøymt om. Ideen får katastrofale følger.

Submarino er eit røfft sosialdrama frå Danmark. Ei sterk og rørande beretning om elendige foreldre og sterke barn. Det er menneske som har nådd botnen i samfunnet, og som prøver å hjelpe kvarandre gjennom ein ubarmhjertig kvardag. Det er ein film om tragiske skjebner, der vi lett kan føle avsky for det karakterane gjer, men likevel føle ein sterk sympati med dei. For i botn har desse menneska ein slitesterk kjærleik til kvarandre og vi kjem dei tett innpå livet. Og sjølv om filmen til tider er sjokkerande og voldsom, er den ikkje utan håp og optimisme.

Submarino bygger på ein roman av Jonas T. Bengtsson med samme tittel.
Regissør Thomas Vinterberg danna saman med Lars von Trier Dogme95-rørsla, for å etablere enklare og reinare produksjon av filmar. Han er mest kjent for dogmefilmen Festen.
For filmen Submarino fekk han Nordisk råds filmpris i 2010.

Tags: Filmatisert bok

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: