Like crazy

.

likecrazyLike crazy er ein rørande italiensk film med smittande livsglede om psykiatriske pasientar. Den gir assosiasjonar både til Thelma & Louise og Gjøkeredet, men har fleire tonar og nyansar enn desse.
Norsk tittel: En smak av lykke
Originaltittel: La pazza gioia

Då eg var på Moa kino i lag med ei veninne for å sjå denne filmen var vi to dei einaste betalande tilskodarane i salen. Og eg tenker at det var veldig synd, for dette er ei lita perle av ein film

Beatrice og Donatella bur på eit psykiatrisk behandlingssenter i Toscana, Villa Biondi. Dei er ulike som natt og dag, men nyttar ein dag høvet til å rømme saman. Det blir ei humpete ferd, med både rusmidlar, tjuveri og falske identitetar.

Beatrice med sin overklassebakgrunn føler at ho eig den landlige Villa Biondi, og sjefar både med tilsette og andre pasientar. Ho utgir seg til og med for å vere lege når den psykisk nedkøyrde Donatella kjem. Donatella er depressiv og ho er fråtatt sonen som ho også er nekta samvær med.

Fridomstrangen er imidlertid sterk hjå begge to. Beatrice vil oppsøke eksmannen sin, medan Donatella drøymer om å få eit gjensyn med sonen, som no bur hjå ein fosterfamilie. Begge har mista alt og blitt avvist av familien sin, og når vi lærer dei å kjenne forstår vi kor hjarteskjerande skjebner det eigentlig handlar om.

Regissør Paolo Virzi brukar god tid på å la forholdet mellom hovudpersonane utvikle seg gjennom små situasjonar med både komikk og alvor. Det er befriande med ein film som denne i ei tid då det meste er for alvorlig til å spøke med og folk føler seg krenka for det minste, og det er forfriskande med to kvinnelige hovudroller som veit å fylle lerretet!

Anne Marit Huse, Ålesund bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: