Bloodline

.

BloodlineHandlinga i tv-serien Bloodline er lagt til sørkysten av USA, nærmare bestemt til Florida Keys. Der driv familien Rayburn eit fasjonabelt strandhotell. Rayburn-familien er kjent som hardtarbeidande og engasjerte samfunnsborgarar i lokalmiljøet. Når det svarte fåret i familien, eldstesonen Danny, kjem heim til den årlige familiefesten, truar han med å avsløre mørke løyndommar frå fortida.

Denne heimvendte sonen har mykje uoppgjort med både foreldre og søsken. Ønsket hans om å slå seg ned for godt og hjelpe til med hotelldrifta, sår mykje tvil og uro i Rayburn-familien.

Serien tek seg god tid til å bygge opp karakterane, den byr på ei rekke uventa vendingar og vi får gradvis små drypp frå fortida for å kaste lys over familien sine godt bevarte løyndommar. I starten prøver eg å finne ut kven det er som er den manipulerande drittsekken i denne familien. Etter nokre episodar strevar eg med å finne nokon som ikkje er manipulerande og etisk uberegnelige.

For meg er Danny-karakteren det mest geniale med serien. Ein veit aldri kva han kan finne på, det virkar som han har ein eigen agenda med alt han gjer. På samme tid er han både sjarmerande, flåsete, ondskapsfull og farlig. Han er glimrande spelt av Ben Mendelsohn, og eg vil også trekke fram Sissy Spacek i rolla som mora.

Bloodline byr altså på utmerka skodespel, fortreffelig spenningsoppbygging og truverdige karakterar. Serien har eit finurlig plott med ein konstant underliggande urolig og uhyggelig tone i kontrast til det solfylte og vakre landskapet i Florida.

Serien er skapt av straumetenesta Netflix, biblioteket har første sesong på DVD til utlån.

Anne Marit Huse

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: TV-serie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: