Deadpool

.

deadpoolDet var Fantomet, Lynvingen og slike som var superheltane i teikneseriar da eg vaks opp. Sett bort frå Supermann, var det ingen som flaug veggimellom eller hadde uforklarlege superkrefter.

Eg var aldri nokon fan av Supermann.

Fantomet var derimot berre ein mann av ære, som glei litt ut i det hormonelle etter møtet med Sala Palmer. Og Lynvingen, som no er mest kjent som Batman, var ein slags muskuløs Leonardo daVinci, og gjorde sitt til at amerikanarane skulle få interesse for realfaga for å kome over «sputniksjokket».

Men sia den tid har mutantane dominert teikeserieverda, og da mest kjent gjennom Marvel-universet. Det har kome ein serie med filmar om forskjellige X-men (som altså har utvikla eit x-gen som gjer at dei får overnaturlege superkrefter). Ingen har fenga meg noko særleg. Inntil i fjor (2016).

DEADPOOL er ein rå film om ein superhelt som verken har lyst til å være særleg helt eller super. Han er sjuk, men går med på ei meir enn spekulativ behandling for å bli frisk. DEADPOOL overlever den, får superkrefter, men føler han ser altfor ille ut til å gå tilbake til kjæresten. Derfor på med trikoten og ute etter hemn over han som mis(be)handla han.

DEADPOOL er sikkert for dryg kost for dei fleste og blir ei valdsorgie ihopblanda med stand-up og sjølvironi. Humoren er altså svært grovkorna, men slår garantert an for dei som er inne i sjangeren. Det kryr med referansar til andre filmar, meir eller (helst) mindre kjende skuespelarar og teikneseriehelter.

Regissør Tim Miller har levert den beste filmen, etter mi meining, med figurar kjent frå Marvel-universet. Den har aldersgrense 15 år, høgst forståeleg, og har fått ein poengscore på 8,1 på den kjende nettstaden imdb.com. I rollene: Ryan Reynolds, Morena Baccarin, Ed Skrein m.fl.

Aldersgrense 15 år

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Action

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: