Captain Fantastic

.

captain fantasticCaptain Fantastic høyrest ut som endå ein superhelt-film, men i staden er det ein ganske annaleis film enn det ein vanlegvis får servert frå amerikansk hald.

Filmen handlar om familiefaren Ben som av idealistiske årsaker har valgt å leve eit alternativt, sjølvberga tilvære i naturen med sine seks born. Her underviser han dei på eiga hand i det han meiner dei burde lære og gir dei fysisk hardtrening for å overleve i villmarka.

Men då mora døyr etter eit lengre opphald på psykiatrisk sjukehus, bestemmer Ben seg for å forlate sitt heimelaga «paradis» og ta barna med til gravferda.  Turen gjennom det moderne samfunnet blir ei reise som kjem til å forandre alle involverte partar.

Konfrontasjonen mellom det trygge livet i skogen og sivilisasjonen viser kor framandgjorte familien har blitt etter åra i isolasjon. Det oppstår ei rekkje episodar med relativt brutale kulturkrasj, dette er skildra både med stor humor og sårheit.

Filmen har mange fine nyansar. Den kan lesast som sarkastisk kritikk av diverse sekter, frå paranoide dommedagsprofetar via strenge kyrkjesamfunn til revolusjonære kommunistar. Men samtidig, ved å legge synsvinkelen til Ben og familien hans, let filmen oss sjå vår moderne sivilisasjon utanfrå slik at også fleire sider av denne livsstilen står fram som lettare absurde.

Dansk-amerikanske Viggo Mortensen har fått ein velfortent Oscar-nominasjon for rolla som familiefaren Ben. På den eine sida er han grenselaust sta i livsstilen han har valgt, noko som grensar til det fanatiske og øydeleggjande. På den andre sida er han ein varm familiefar som elskar barna sine, og som gjer det han gjer i beste meining.

Regi: Matt Ross
Aldersgrense:  9 år

Anne Marit Huse, Ålesund Bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: