Stabukker

.

StabukkerI ei avsidesliggande bygd på Island bur brørne Gummi og Kiddi. Dei er naboar og begge driv med sau. I familien har det gjennom generasjonar vore tradisjon med sauedrift og brørne er synleg stolte over dei flotte dyra som har blitt ala fram.

Men Gummi og Kiddi  har ikkje vore på talefot på fleire tiår og heilt nødvendig kommunikasjon dei i mellom vert utført av gardshunden som spring frå den eine garden til den andre med ordknappe meldingar på papirlappar.

Men når skrapesjuka rammar bygda og veterinæren bestemmer at det må bli naudslakt, så raknar kvardagen for desse einstøingane og uvenskapen må leggast til side.

Filmen er på eitt vis ei svart komedie om to sære og sta gubbar. Samstundes er det også ei ærleg framsyning av hardt og tradisjonelt arbeid sett opp i mot det moderne, effektive og rasjonelle. Sjølvsagt veit vi at slakting må til når sjukdom råkar saueflokken. Men vi har stor medkjensle med brørne som ser livsverket gå tapt.

Ein minneverdig film om eit menneskeleg drama. Vi nyt vakker og nær filming av dei to hovudrolleinnehavarane og nydelege sveip over det nakne og forlokkande islandske landskapet.

Islendingane kan dette med å fortelje ei god historie, anten det er i ei bok eller ein film som her. Dei siste åra har vi fått mange flotte historier frå naboane våre vest i havet.

Aldersgrense 9 år.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: