The Revenant

.

The RevedentDu trur du har sett det meste med all den datateknologien og andre effektar som filmindustrien har teke i bruk. Men du har aldri sett nokon bli jult opp av ein bjørn slik som Leonardo DiCaprio blir i «The Revenant».

Det tek nærast livet av Hugh Glass, som rollefiguren heiter. Likevel kjempar han vidare, drive fram av ønsket om hemn mot han som stakk frå han (spela av Tom Hardy; for tida ein av dei største skurkane i filmverda).

«The Revenant» er kanskje like kjent som filmen Kristoffer Joner var med i – så vidt! Etter å ha kjeda seg gjennom ein lang og trøsteslaus opptaksperiode, er han knapt å sjå: berre eit kort kamerasveip fer forbi han først på filmen, medan han seier den eine setninga som overlevde klippinga av filmen.

Leonardo DiCaprio derimot er med omtrent heile tida; ein kraftprestasjon av dei sjeldne der han overlever mot alle odds sjølv om han til tider har nok med å dra kroppen etter seg gjennom ei kald og ugjestmild villmark.

DiCaprio vann sin første Oscar med denne filmen. Sjølv om det mest er det fysiske han briljerer med i denne filmen, har DiCaprio gjentekne  gonger vist at han er «Oscar-materiale».

Alejandro Iñárritu har nok ikkje det same glamorøse omdømmet som DiCaprio, men fekk sin fjerde Oscar for regijobben på «The Revenant».For han vann også i 2015, m.a. som regissør av «Birdman» og har levert glimrande filmar, som «Babel», før.

Og ei lita oppmoding til slutt, om enn i seinaste laget i dette tilfellet: storslegne filmar som «The Revenant» er laga for det store lerretet. Film er absolutt best på kino!

Men fekk du ikkje med deg «The Revenant» der, kan du trøste deg med å låne filmen på biblioteket. 

Aldersgrense 15 år

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: