Fargo

.

fargoBrørne Joel og Ethan Coen presenterte oss for eit eksotisk Amerika da dei laga den snodige krimfilmen «Fargo» for tjue år sia. Og det eksotiske var kanskje enno meir framand for den jamne amerikanar, enn for oss her i «gamlelandet». For dei fleste rollene var henta ut frå det skandinaviske miljøa i den nordlege delen av USA. Her var det mykje «ja, ja», «uff da», strikkekofter og enkle sjeler. Ja, mange av etterkomarane frå Skandinavia blir framstilt som ein gjeng godfjottar.

I 2014 kom fjernsynsserien «Fargo», og mange av stereotypiane fekk også spelerom i serien. Dei fleste vil framleis alle berre vel, men nokre har dessverre vore uheldige og viklar seg meir og meir inn i trøbbel. Og det er noko av det meisterlege med fjernsynsserien; korleis noko som går gale, blir verre og verre og verre …

Sesong 2 av «Fargo» kom i 2015 og her møter vi også nokre velmeinande sjeler som er like uheldige og viklar seg inni floke på floke. Denne gongen er det dumsnille preget til lokalbefolkninga tona noko ned, medan ein gjeng nådelause tyskerar blir introdusert som nytt eksotisk innslag.

Sett ut frå kva som er skrive så langt, verkar dette meir til å vere lettbeint underhaldning. Det er for så vidt rett, men måten det er gjort på er rett og slett imponerande. Kløktig utforma manus med fiffige vendingar i handlinga blir gjennomført av gode skuespelarar i eit stilsikkert og tidsriktig miljø. Fargo-serien overgår rett og slett den klassiske filmen som den arva namnet frå. Og det aller meste som blir vist elles. Handlinga er rimeleg grovkorna; men mykje av det blodige og valdelege blir «ufarleggjort» gjennom den absurde settinga.

Sesong 2 er ein såkalla prequel. Det vil seie at handlinga er lagt (ti-år) før det som skjer i sesong 1. Men sjølve motoren i forteljinga, ugjerningane, har ikkje noko med kvarandre å gjera. Difor er det ikkje farleg om du ser sesong 2 først, sjøl om filmskaparane kanskje vil meine noko anna. For dei har lagt inn fleire lause trådar i sesong 1 som får si forklaring i forhistoria.  

Har du sansen for det litt aparte, er «Fargo» noko for deg. Og for langt fleire enn deg, for serien har fått heile 9 av 10 poeng av dei 162.000 som til no har vurdert filmen på imdb.com.

Aldersgrense 15 år

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: