Jordens salt

.

Jordens saltI mange tiår har den brasilianske fotografen Sebatiao Salgado (71) reist rundt heile verda og teke bilete av konfliktar og menneskeleg liding, men også av det arbeidande menneske og av det utrulege natur- og dyrelivet på planeten vår. Filmen er enkel i formspråket og store delar av han er Salgado sine velkomponerte og vakre, men ofte grufulle fotografi.

Filmen opnar med ein fascinerande sekvens der Salgado kjem flygande inn til ei øy i Ny-Guinea. Han vert teken imot av folka som bur i den avsidesliggande landbyen og fylgjer med dei vidare oppover i fjellet, der han respektfull fotograferer medan dei dansar og held fest. Tilliten mellom fotografen og dei fotograferte er der heile tida. Ein liten gut kjem så tillitsfull og tek fotografen i handa. Salgado smiler roleg tilbake og viser guten fotoapparatet og bileta han har teke – kontakten er der.

Vidare vert vi presentert for Salgados arbeid frå byrjinga på 70-talet og fram til i dag. Han dokumenterer konfliktar, særleg i Afrika. Vi dreg kjensel på ikoniske fotografi som vi har sett tidlegare, men som i alle fall ikkje eg, kjende opphavsmannen til. Bileta er så sterke, at eg tenkjer, no er det nok, eg orkar ikkje meir elende. Og akkurat då, i rett tid, tek filmen opp andre emne som Salgado har arbeidd med, mellom anna arbeidsliv over heile verda. Vi vert presentert for flotte fotografi frå ei enorm gullgruve i Brasil, med tusenvis av arbeidarar. Sølete og sveitte kroppar, som utfører alt arbeid manuelt. Sett på avstand, liknar det ei maurtue.

Filmen endar optimistisk. Salagado si familie eig ein kvegfarm i Brasil. Grunna tømmerhogst og tørke har det frodige paradiset han vaks opp i blitt endra til ein tørr og sandete eigedom utan tre og med mangel på vatn. Ekteparet Salgado set i gong med eit storstilt treplantingsprosjekt. Millionvis av tre vert planta ut på eigedomen og gradvis over år endrar eigedomen karakter og vert igjen det grøne paradiset Salgado vaks opp i. Skogen veks og med den kjem vatnet, plantelivet og dyra tilbake.

Filmen er laga av Wim Wenders og sonen til Salgado, Juliano Ribeiro Salgado. Dette var både ein fæl og vakker film som gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg. Ikkje så rart at han har fått mange filmprisar kringom i verda.

Aldersgrense 12 år

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Dokumentar

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: