Bibliotekbevaringsstøntdikt

.

Bib bevaring1Takk for at dere kom alle sammen! Her finner dere diktet Marit Kaldhol leste: Fordi det er fredag 

 

 

 

i dag har eg ei bok i øyret 
fordi det er fredag 
i dag har eg ei heil diktsamling i hjartet 
fordi det er fredag 
i dag strøymer ord metafor spor av mor jord i blodårene mine 
fordi det er fredag 
i dag snaskar eg bibliotek og bibliotekarar til frukost lønsj og middag 
fordi det er fredag 
og fordi i morra er det laurdag, i overmorra søndag og slik 
skal eg halde fram og du skal få bli med inn i nye veker, nye tider 
slik skal biblioteket overleve 
slik skal det spikrast fast i budsjettet og aldri meir dette ut 
slik skal vi gni det inn at vi, du, eg, gamle, unge, unorske, norske 
arbeidslause og arbeidande, ulykkelege og lykkelege
25.000 menneske treng dette biblioteket
treng bøkene filmane pc-ane sofaane avisene lekseplassane møteplassane 
kvar ein krok, kvar ei eventyrstund treng vi 
gratis kulturkompetanse, gratis 
informasjonskompetanse, gratis tilgang til demokratikompetanse 
kort sagt: biblioteket 
biblioteket er hjartet i kroppen 
som heiter språk kultur demokrati integrering fellesskap samfunn 
i dag har eg eit ord i munnen: omkamp 
er utan respekt for bystyret 
omkamp er utan respekt for folkeviljen 
omkamp er  .... nei nei nei 
i dag har eg eit ord, du eit ord, vi eit ord 
i blodet i hjartet i magen i blikket: IKKJE
rør biblioteket vårt 
for i dag er det fredag 
og i morra er det laurdag, i overmorra søndag og slik 
slik skal dagane halde fram, åra halde fram, demokratiet halde fram 
fordi det er her vi er, det er her vi lever og 
fordi det er fredag

Spjelkavik bibliotek, fredag 31.10.2014
Marit Kaldhol

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: