Munch -Teiknekonkurranse

.

 munch12. desember i 2013 feirer vi
Edvard Munch sin 150 årsdag.

Ved Ålesund bibliotek markerer vi dette ved å invitere alle 4. og 5. klassene i Ålesund kommune til å delta i ei teiknekonkurranse med tema ”Munch”.

3 teikningar frå kvart klassesteg vert valt ut og premierte. Desse teikningane skal vi lage bokmerke av, og derfor må det teiknast i eit A5-format og merkast med namn, skule og klasse.

Teikningane kan leverast både ved Ålesund bibliotek og ved Spjelkavik filial.
Frist 1. november

Vi vil lage ei utstilling med teikningar på biblioteket fra 12. desember og ut januar.

Ålesund bibliotek
tlf 70162260

 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: