Geir Hjorthol om Dag Solstad

.

Geir HjortholTilbaketrekning som motstand. Om politikken i Dag Solstads forfattarskap

I mottakinga av Solstads romanar har det vore ein tendens til å setje eit skarpt skilje mellom litterær politikk, definert som forfattarens samfunnsengasjement, og ein eksistensiell tematikk, karakteristisk for romanane før og etter Solstads «sosial-realistiske» fase på 1970-talet. Men stemmer det verkeleg at den tidlegare så revolusjonære Solstad forlet politikken rundt 1980, då ml-rørsla braut saman? I dette foredraget stiller Hjorthol spørsmålet om ikkje politikken har overlevd hos Solstad gjennom ein annan måte å skrive på, og kanskje på meir radikalt vis enn på 70-talet.

Om forfattaren

Geir Hjorthol er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda. Våren 2011 disputerte han for Dr. Philos.-graden med avhandlinga "Tilbaketrekninga. Litteraturens politikk i Dag Solstads forfattarskap". Avhandlinga kjem ut som bok denne hausten. Andre utgivingar: Populærlitteratur: Ideologi og forteljing (Oslo 1995), Forfattaren i eksil. Kjartan Fløgstad og biografien (Volda 1996). Artiklar i bøker og tidsskrift om norsk samtidslitteratur og nynorsk skriftkultur.

Torsdag 10. november kl. 19.00 kjem Hjorthol til Spjelkavik filial for å snakke om Dag Solstad. Arrangementet er ein del av Nordisk bibliotekveke.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: