Bokbad i Spjelkavik

.

SjabervikDet blir bokbad med forfattar Øystein Orten og biblioteksjef Mariann Schjeide på Spjelkavik filial laurdag 12. nov. kl. 13.00

Øystein Orten er fødd i 1962 og busett i Hareid. Han debuterte i 1995 med diktsamlinga Havflammen. Han har skrive romanane: Fluktlinjer (2000),  Livingstones retrett (2003), Kjensla av at det ikkje regnar andre stader en her (2004) og Vegen til Neverland (2005).

Med novellesamlinga Sjabervik (2011) viser Orten litterære musklar. Personskildringane og miljøskildringane i novellene framstår levande og ekte! Orten er god til å bruke det sunnmørske spåket i boka og dyktig til å skildre naturen på Sunnmøre.

Vi møter mange triste skjebne: mykje fattigdom i Sjabervik.

I eit intervju i Smp 5.5.11 seier Orten: Husmennene vart henvist til å bygge sine hus på dårleg jord i skuggen. Det er ikkje vanskeleg å trekke paralellen fram til dagens situasjon for mange flyktningar som kjem til Norge.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: