Fotogalleriet i juli: Mangfold i naturen

.

Alnes

I juli kan du sjå dei flotte fotoa til Øyvind Kåre Sunde frå Mauseidvåg i Sula i fotogalleriet.

Utstillinga viser noko av mangfaldet i naturen vi har rundt oss her på Nordvestlandet. Øyvind har valt ut både naturbilete og bilete frå Ålesund. Han let seg fascinere mellom anna av lyset, det skiftande veret og vekslinga i årstidene.

Kom og sjå! Utstillinga er tilgjengeleg i opningstida til biblioteket, frå kl. 10 til 16 på kvardagar, 10-14 på laurdagar.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: