Heimplassar: Ålesund

.

heimplassarForfattarane Caroline Kaspara Palonen og Bjørn Vatne besøker kvarandres heimplassar for å snakke saman om korleis staden pregar litteraturen – og forfattargjerninga – deira.

Caroline Kaspara Palonen har vakse opp og bur i Harstad. Ho har gått på Forfattarstudiet i Tromsø og har i tillegg kunstutdanning med spesialisering i fotografi. Ho har sidan debuten med romanen "Xeroxdager" (2011) gitt ut romanane "Du er meg for søvnig" (2013) og "Det er mitt hav" (2015). I 2016 kom den første diktsamlinga hennar, "Øy,øy".

Bjørn Vatne er forfattar og frilansjournalist. Han har gått Forfattarstudiet i Tromsø og debuterte i "Norske Granta" i 2014. Romanen "Slik skal vi velge våre ofre" kom i 2015.

Begge har, på kvart sitt vis, undersøkt ulike måtar å stå utanfor på, ulike måtar å ikkje passe inn i dei etablerte samfunnsstrukturane. Er det tilfeldig at dei begge også bur utanfor det litterære sentrum i Noreg?

Heimplassar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum, Harstad bibliotek og Ålesund bibliotek. Prosjektet er støtta av Fritt Ord.

Ålesund bibliotek 2. nov. kl. 19 - 20.
Gratis inngang.

Foto: Heidi Hallseth, Alexander Worren. Plakatdesign: Sigurd Brørs

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: