Bysmart: Jo Røislien

.

jo roislienJo Røislien kjem til Ålesund bibliotek tysdag 26.sept. kl. 19. Han er matematikar, forfattar og professor i biostatistikk. Han er mellom anna kjent frå tv-serien Siffer på NRK1, og kjent for å vere ein framifrå formidlar.

Bysmart er ein serie med føredrag på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Arrangementa er gratis.

Målet for Bysmart er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt og er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka. Bysmart er eit tiltak i prosjektet Byen som regional motor og har fått solid støtte frå både Nasjonalbiblioteket og fylkeskommunen.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: