Proust minutt for minutt

.

veien til swannHøgtlesing frå «På sporet av den tapte tid» av Marcel Proust. Vi held fram med lesinga annankvar fredag kl. 13 ved Spjelkavik filial.

Fyrste lesing blir fredag 1.9. Det blir også lesing 15.9., 29.9., 13.10., 27.10., 10.11. og 24.11. Alle er velkomne!

Høgtlesinga av b. 1 av «På sporet av den tapte tid» starta hausten 2016. Lesinga kom i stand som eit eksperiment. Vi har opplevd at høgtlesingsformen fungerer godt.

Å bli meir kjende med Swann og hans verd gjennom Proust si dikting har vore positivt for opplesarar og tilhøyrarar. Lesinga er organisert som ein dugnad der nokre av dei bibliotektilsette og nokre frivillige deltek med lesing. Kvar fredag les vi 7 sider og etter kort pause les vi 7 sider til. I løpet av hausten 2017 les vi ut boka på om lag 400s.

Det er også planar om eit møte med Karin Gundersen som har revidert verket språkleg. Gundersen har også gitt ut boka: «Kunsten eller livet: Hva Marcel Proust kan lære oss om tvetydigheten i alt som er».

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: