Foredrag om Arne Garborg ved Jan Inge Sørbø

.

arne garborg Foredrag om Arne Garborg ved Jan Inge Sørbø onsdag 16. november kl 19 på Spjelkavik filial:

Arne Garborg : Frå bleike myr til alveland er tittelen på boka som Sørbø skreiv om Garborgs liv og dikting. Boka kom ut på Samlaget i 2015.

"Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode" heiter det frå omtalen av boka.

Sørbø har fokus på at Garborg som 19åring opplevde at far hans tok sjølvmord. "Dette traume førte Garborg inn i dei fleste sentrale filosofiske og religiøse straumdrag i samtida" heiter det vidare frå baksideteksten.

Jan Inge Sørbø (f.1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Velkomen til ein litteraturkveld i Spjelkavik filial!

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: