Proust minutt for minutt på Spjelkavik filial

.

veien til swannDenne hausten har dei litterære friminutta fått ny form: Romanen «På sporet av den tapte tid» av den kjende forfattaren Marcel Proust (1871-1922) står på programmet.
Romanverket kom ut i perioden 1913-27 og er på 3000 sider.

Den modernistiske skrivemåten som Proust benyttar, har påverka mange forfattarar på 1900-talet. Teksten inneheld eit studium av ein forteljar som skildrar sitt eige sjelsliv, og handlinga foregår i Frankrike på 1800-talet.

Mange har høyrt om denne boka, men ikkje så mange har lese ho. No tilbyr vi boka bit for bit, minutt for minutt.

Fredag 16. 9. kl. 13 startar biblioteket høgtlesingsprosjektet der vi les frå B. 1: Veien til Swann. Vi planlegg å lese annankvar fredag utover hausten: 16.9., 30.9., 14.10., 28.10., 11.11. 25.11.

Kva er målet?
Dei tilsette ved ÅB ynskjer å dykke ned i ein krevjande og viktig forfattarskap og å teste ut høgtlesingsformen for vaksne. Vi håpar å lokke andre litteraturentasiastar til å vere saman med oss på dette eksperimentet.

Vel  møtt!

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: