Forsiktig opning av Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka opnar så smått måndag 25. mai etter å ha vore stengde sidan 12. mars. Det blir ikkje vanleg opningstid, og smitteverntiltaka blir strenge. Alle som skal inn, må sprite hendene og halde avstand til andre folk.

  • Det er berre 10 personar som får vere inne i biblioteket samstundes og berre i 15 minutt
  • Du kan låne og levere inn bøker, skanne, kopiere og skrive ut
  • Du kan ikkje lese aviser, bruke pc eller gå på toalettet

Vi oppfordrar deg til å ha med lånekortet, evt. laste ned Bibliofilappen, slik at du kan bruke sjølvbetjeningsautomat der det er mogeleg.

Biblioteka vil halde fram med bestill-og-hent for deg som ikkje vil komme inn på biblioteket. Du kan altså forsetje å sende e-post og få bøkene lagt i pose på hylle/bord nær inngangen til biblioteket.

Opningstid

Ålesund og Moa: måndag, tysdag, onsdag, fredag: kl. 12-16, torsdag kl. 15-19 (Moa kl. 14-18)
Skodje: tysdag kl. 12-15, torsdag kl. 16-19
Sjøholt: måndag kl. 15-18, (NB! måndag 25.5 kl. 16-18), onsdag kl. 12-15
Harøy: tysdag og torsdag kl. 13-16
Brattvåg: tysdag kl. 12-16, torsdag kl. 15-18
Vatne: måndag kl. 15-18
Haramsøy: tysdag kl. 19-21, fredag kl. 17-19
Longva: tysdag kl. 16.30-18.30, torsdag kl. 18-20
Lepsøy: bestil- og-hent etter behov

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51