Påsketilbud: drive-in bibliotek

 

Biblioteket vil tilby våre faste lånarar å bestille bøker til påske.

Bestill bøker på e-post:

Ålesund bibliotek:
Moa bibliotek:
Brattvåg bibliotek:
Skodje bibliotek:
Harøy bibliotek:

Bestilling kan ringast inn til Moa kl. 10-12 på tlf 70 16 45 30 og til Harøy bibliotek på tlf. 70 16 57 46. Bestilling kan sendast på sms til tlf. 47 68 20 67eller ved bruk av Messenger (Facebook) til Brattvåg bibliotek.

Oppgi:

Lånarnummer:
Namn:
Kva du ønskjer å låne:
Henteavdeling:

Bestillinga må vere sendt på e-post til oss seinast torsdag 2. april kl. 10. Maks ein pose bøker per lånar.

Vi kan ikkje garantere at vi har bøkene du vil låne akkurat no, men plukkar gjerne ei anna god bok til deg! Viss du har materiale som står på hentehylla som du har fått melding om, kan du inkludere dette i mailen.

OBS! Berre dei som tek kontakt på førehand, får hente bøker.

Bøkene blir gjort klar til deg og lagt i posar. Dei kan hentast i desse tidsromma utanfor biblioteket eller i inngangspartiet til biblioteket:
Ålesund bibliotek og Moa bibliotek: torsdag 2. april kl. 12-15, fredag 3. april kl. 12-15, måndag 6. april kl. 12-15.
Harøy bibliotek: fredag 3. april kl. 12-15.
Brattvåg bibliotek: torsdag 2. april kl. 14-16, fredag 3. april kl. 14-16.
Vatne bibliotek: torsdag 2. april kl. 16-18, fredag 3. april kl. 16-18.
Longva bibliotek: torsdag 2. april kl. 15-17
Haramsøy bibliotek: fredag 3. april kl. 16-18
Skodje bibliotek: torsdag 2. april kl. 12-15 og fredag 3. april kl. 12-15.

Hugs å halde trygg avstand og ta hensyn til smittefaren. Har du luftveissymptom eller sit i karantene, kan du ikkje hente bøker, men kan sende ain annan for å hente for deg.

Biblioteket kjem med dette tilbodet først og fremst til dei som ikkje kan nytta det digitale tilbodet, men er og tilgjengeleg for andre lånarar.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51