Meirope på Moa bibliotek

 

Meirope bibliotek vil seie at ein kan bruke biblioteket også før og etter den bemanna opningstida.
Ved å signere ein kontrakt kan du som er over 18 år få tilgang til biblioteket frå kl. 09.00 til kl. 22.00 (nesten) kvar dag heile året. Ungdom mellom 16 og 18 år kan også få meiropen tilgang, då må føresette signere på kontrakten.
Kva kan du gjere på meirope bibliotek?
- Låne, levere, søke, hente og reservere materiale
- Lese og finne informasjon
- Lese aviser og tidsskrift
- Studere og gjere lekser
- Skrive ut
- Nytte trådlaust internett

Korleis låse seg inn?
Skanne det aktiverte lånekortet i påloggingspanelet. Du kan bruke både plastkort eller digitalt lånekort frå Bibliofil-appen. Tast pinkoden din. Vent på at døra går opp.

Her finn du kontrakta.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 15
Lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51

 

Moa bibliotek
Besøk: Amfi Moa Syd, 
Langelandsvegen 35
Tlf: 70 16 45 30