Vi blir el-sykkelbibliotek

Dame i rød jakke sykler fort i en tom gateSnart kan du låne el-sykkel på biblioteka i Ålesund, men allereie laurdag 21. september er politikarane ute og prøvesyklar dei i samband med Europeisk Mobilitetsuke 2019.

Ti el-syklar ventar, fem på biblioteket i Ålesund sentrum og fem på Moa.

- Og vi gler oss. Sykkel er bra både for innbyggarane, for byen og for miljøet, seier ordførar Eva Vinje Aurdal som har sin eigen el-sykkel og veit kva ho snakkar om når ho seier dette er ein fin måte å kome seg rundt om kring på.

Laurdag blir politikarane og innbyggarar i Ålesund inviterte med på el-sykkeltur i samband med Europeisk Mobilitetsuke 2019. Starten går frå Moa pendlerparkering før turen går via Åse og Hatlane og ender i sentrum der nytt sykkel- og servicepunkt skal opnast. Det blir appell, miljøaktivitetar og musikk på Dronning Sonjas plass frå kl. 12.30 til 15.00.

I uke 40 er syklane på plass på biblioteka og klar til utlån. Lån av syklane er gratis, men lånaren må betale tusen kroner i depositum. Då er sykkelen «din» i to veker. Mette Aaram Ringstad, biblioteksjef i Ålesund kommune er klar.

- Biblioteket er ein møteplass og deleplass. Vi ser at biblioteka i stadig større grad låner ut og legg til rette for deling av meir enn bøker, og vi er glade for å kunne bidra til meir sykling og meir berekraftig transport i Ålesund.

Berekrafig satsing

Ålesundregionen var den første norske regionen som blei ein del av FN-nettverket for smarte og berekraftige byar. Som ein del av det, har FN programmet United for Smart and Sustinable Cities (U4SSC) sett nye Ålesund i korta på over hundre ulike punkt. Noko av det ein skårar dårlegast på når det gjeld berekraft, er transport, bruk av sykkel og sykkel-deleordning.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier analysen frå FN er med på å gi retning og mål for utvikling og drift av kommunen - og eit resultat er el-syklar på biblioteket.

- Dette er ein måte å spreie tankegangen om Smart City heilt inn i kvardagen til folk. Vi håper ordninga med utlån av el-syklar vil gjere det lettare for folk å få testa ut el-syklar og at det kan bli fleire som bruker sykkel som transportmiddel.

Sunnare innbyggarar og sunnare by

I dag er det berre om lag tre prosent av alle reiser i Ålesund som er på sykkel. Det langsiktige målet er femten prosent.
Liv Kjersti Finholt, kommuneplanleggar i Ålesund, fortel dei har vore i dialog med fagfolk i kommunen, NTNU og nye Ålesund om korleis ein best kan auke sykkelbruken.

-Og vi har kome fram til at det kan vere meir effektivt å satse på el-sykkelbibliotek som eit første steg på vegen for å auke bruken av el-sykkel i Ålesund.

Meir bruk av el-syklar gir effekt både for byen og for den enkelte. Transportøkonomisk Institutt peiker på meir fysisk aktivitet og betre helse for syklistane som ein av dei to viktigaste samfunnsøkonomiske gevinstane. Den andre er mindre bilkøar og mindre utslepp av klimagassar.

-  Auka bruk av syklar og el-syklar vil gi både sunnare innbyggarar, sunnare by og sunnare klima, seier Liv Kjersti Finholt.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 15
Lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51

 

Moa bibliotek
Besøk: Amfi Moa Syd, 
Langelandsvegen 35
Tlf: 70 16 45 30