Sommaropningstid

Ålesundsbiblioteka har starta med sommaropningstid. Rett opningstid for dei einskilde avdelingane står øvst under opningstida for kvart bibliotek.

Sommarlesebingo for vaksne med tema reise

Les bøker om dei ulike reisemåla og fyll inn tittel og forfattar i bokstavane. Merk arket med namn, e-postadresse og kva bibliotek du høyrer til. Lever på ditt næraste bibliotek eller send som mail til innan 31. august og få ein premie.

Her kan du laste ned skjemaet.

BookBites - ny e-boklesar

 

 

Frå måndag 25. mai tar Ålesundsbiblioteka i bruk e-bokappen BookBites! Han vil erstatte eBokBib, men du kan lese ferdig bøkene du allereie har lånt i eBokBib. Last ned appen frå Google play eller Appstore, så er du klar til å lese bøker der frå neste veke!

Nettsida Brukerstøtte BookBites inneheld Ofte spurde spørsmål og artiklar og videoar for å lære seg korleis bruke appen.

Her er guide til korleis ein brukar BookBites-appen.

Gradvis opning av Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka opnar så smått måndag 25. mai etter å ha vore stengde sidan 12. mars. Det blir ikkje vanleg opningstid, og smitteverntiltaka blir strenge. Alle som skal inn, må sprite hendene og halde avstand til andre folk.

  • Det er berre 10 personar som får vere inne i biblioteket samstundes og berre i 15 minutt
  • Du kan låne og levere inn bøker, skanne, kopiere og skrive ut
  • Du kan ikkje lese aviser, bruke pc eller gå på toalettet

Vi oppfordrar deg til å ha med lånekortet, evt. laste ned Bibliofilappen, slik at du kan bruke sjølvbetjeningsautomat der det er mogeleg.

Opningstid

Ålesund: måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 12-16, torsdag kl. 15-19
Moa: måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 10-16, torsdag kl. 12-18
Skodje: måndag kl. 13-16, tysdag kl. 13-19, torsdag kl. 13-19, fredag kl. 13-16
Sjøholt: måndag kl. 12-18, onsdag kl. 12-16, torsdag 12-16
Harøy: tysdag og torsdag kl. 13-16
Brattvåg: tysdag kl. 12-16, torsdag kl. 15-18
Vatne: måndag kl. 15-18
Haramsøy: tysdag kl. 19-21, fredag kl. 17-19
Longva: tysdag kl. 16.30-18.30, torsdag kl. 18-20
Lepsøy: bestill- og-hent etter behov

  • {{text}}
{{hotkey}}
 
 
{{text}}
 
 
 

Bestill og hent

 

Ålesundsbiblioteket vil tilby våre lånarar å bestille, låne og levere bøker.

Bestill bøker på e-post:

Ålesund bibliotek:
Moa bibliotek: (Moa tilbyr og bestilling på telefon 70164530 kl. 10-15).
Brattvåg bibliotek:
Skodje bibliotek:
Sjøholt bibliotek:
Harøy bibliotek:

Søk i basen vår for å sjå om bøkene du vil låne, er inne på hentebiblioteket. Bøker som ikkje finst der, kan du ikkje låne. Vi fraktar ikkje bøker mellom avdelingane.

Oppgi:

Lånarnummer:
Namn:
Kva du ønskjer å låne:
Henteavdeling:

Du vil få svar på bestillings-e-posten når bøkene er klare for henting. Maks ein pose bøker per lånar. Viss du har materiale som står på hentehylla som du har fått melding om, kan du inkludere dette i mailen.

OBS! Berre dei som tek kontakt på førehand, får hente bøker.

Du kan og levere inn bøker som er lånt.

Bøkene blir gjort klar til deg og lagt i posar. Dei kan hentast i desse tidsromma utanfor biblioteket eller i inngangspartiet til biblioteket:
Ålesund bibliotek og Moa bibliotek: kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 12-15, torsdag kl. 15-18.
Harøy bibliotek: kvar tysdag kl. 12-16 og torsdag kl. 15-18.
Brattvåg bibliotek: kvar tysdag kl. 12-16 og torsdag kl. 15-18.
Longva bibliotek: kvar torsdag kl. 18-20.
Haramsøy bibliotek: kvar tysdag kl. 18-20.
Skodje bibliotek: kvar tysdag kl. 12-15 og torsdag kl. 15-18.
Sjøholt bibliotek: kvar måndag kl. 12-15 og onsdag kl. 12-15.

Hugs å halde trygg avstand og ta hensyn til smittefaren. Har du luftveissymptom eller sit i karantene, kan du ikkje hente bøker, men kan sende ain annan for å hente for deg.

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51