Forside

Bokåret 2019 - Bok på veg

Pendlar du til jobb? Ventar du på ungar som er på trening? Eller har du berre nokre minutt ledig?

Ikkje sløs bort ventetida med rastlaus blaing på mobilen - i BOKÅRET 2019 bør du fylle den med å lese ei god bok i staden. I heile fylket inviterer biblioteka til lesedugnad med eit nytt tema kvar månad. Har du meir ro i sinnet etter eit år med digital avrusing? Ta utfordringa og finn det ut!

På Ålesund bibliotek får du tips til gode bøker innanfor kvart tema. Det vil og bli arrangement knytt til dei ulike lesemånadene.

Leseåret 2019 er eit samaribeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, biblioteka i fylket og Bokåret 2019 (Nasjonalbiblioteket).