• Hjem
  • Aktuelt
  • «Lengt» - Fotoutstilling med Ålesund kunstfagskole

Framside

«Lengt» - Fotoutstilling med Ålesund kunstfagskole

Fotogalleriet til Ålesund bibliotek skal i februar og mars ha to utstillingar med Ålesund kunstfagskole. Ei gruppe av studentane er særskilt opptatt av fotografiet som kunstnarisk uttrykk, og det er til saman 11 studentar frå skulen som deltek på utstillingane. Studentane representerer ei breidde på mange måtar, og ikkje minst gjennom måten dei studerer verda rundt seg gjennom kameralinsa. Difor er fotografia du møter på utstillinga svært ulike i uttrykk og innhald. Utstillinga har blitt jobba fram gjennom at kvar av studentane plukka ut fire fotografi som dei kunne tenke seg å stille ut. Så vart bilda sett opp mot kvarandre og ein leita etter parallellar og kommunikasjon mellom bilda. Ut frå dette vart det gjort eit utval på to fotografi frå kvar student, som vart sett saman i to tematiske utstillingar. Rektor Trine Røssevold har deltatt i utvelginga i lag med studentane.

I utstillinga i februar har dei valt å knyte saman fotografia under temaet «Lengt». Lengt kan handle om både tid og stad, og det er ei kjensle som dei fleste av oss kjenner på, på ulike måtar. Dei håper at publikum gjennom denne tittelen vil kunne lese eit narrativ ut av utstillinga som heilskap.

I denne utstillinga deltek : Sara Fuglu, Ronja Grimsø, Alexander Valderhaug, Tanya Ivey, Lukas Lillevold, Aldona Ulstein, Linnea Steffenssen, Vanessa Hansen og Peter Opdal.

Ålesund kunstfagskole er ein toårig fagskole innanfor visuelle kunstfag. Skolen er den einaste i sitt slag nord for Bergen og er landsdekkande, men står med røtene djupt i jorda på Sunnmøre.

Utstillinga er tilgjengeleg i bibliotekets opningstid frå torsdag 6. februar. Då inviterer vi til utstillingsopning kl. 12.

Velkomen!

  • Treff: 918
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51