Framside

Litterært pusterom


Ålesundsbiblioteka startar i 2020 opp ei aktivitet kalla Shared Reading, det som på norsk kan kallast delt lesing. Dette er eit konsept kor vi møtast og les i lag. Ein leseleiar les først teksta høgt, så snakkar vi om kva vi tenkjer på i fellesskap etterpå. Vi ynskjer at Shared Reading skal vere eit litterært pusterom kor vi slappar av saman, snakkar om stort og smått som teksta vi les tar opp, og koser oss med litteratur uavhengig av kva eller kor mykje ein har lest tidlegere, kor ein kjem frå eller kor ein skal. Det er leseleiar, altså ein tilsett ved biblioteket, som vel ut kva som skal lesast, så det trengst ikkje noko form for førebuing. Det er berre å dukke opp som ein er, så les vi, snakkar saman og drikk kaffi.

Tilbodet vil i første omgang vere ved Moa bibliotek og på kafeen til Kirkens bymisjon, og begge plassar er det litterære pusterommet gratis og ope for alle.

Eige arrangement med tidspunkt for Litterære pusterom vil bli annonsert.

  • Treff: 400
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51