• Hjem
  • Aktuelt
  • «Ikke jugendstil» - Fotoutstilling med elevar frå Ålesund vgs

Framside

«Ikke jugendstil» - Fotoutstilling med elevar frå Ålesund vgs

 



I januar skal elevar frå Ålesund videregående skole ha fotoutstilling på Ålesund bibliotek. Elevane går på medier og kommunikasjon, programfag bilete, og arbeidet med denne utstillinga har vore ein del av undervisninga. Utstillinga har temaet «Ikke jugendstil», og er i hovudsak bilete som er av noko anna enn jugendstil i og rundt Ålesund. Temaet er basert på at dei fleste bileta vi ser frå Ålesund i dag, inneheld jugendstil, og gjer at Ålesund ofte blir omtala som jugendbyen. Elevane skal vise at Ålesund er meir enn berre jugendstil.

Fotoutstillinga vil vere tilgjengeleg i opningstida til biblioteket frå 10.–31. januar.

Velkomen!

  • Treff: 399
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51