Aktuelt

Bybrannope bibliotek


Hovudbiblioteket har langope til kl 19 fredag 24. januar!
Det blir høgtlesing av «Borgny – flukten fra flammene» kl 17.30, og utstilling av bøker og anna materiale om bybrannen. Utstillinga vil stå framme heile helga.


  • Treff: 23

Litterært pusterom


Ålesundsbiblioteka startar i 2020 opp ei aktivitet kalla Shared Reading, det som på norsk kan kallast delt lesing. Dette er eit konsept kor vi møtast og les i lag. Ein leseleiar les først teksta høgt, så snakkar vi om kva vi tenkjer på i fellesskap etterpå. Vi ynskjer at Shared Reading skal vere eit litterært pusterom kor vi slappar av saman, snakkar om stort og smått som teksta vi les tar opp, og koser oss med litteratur uavhengig av kva eller kor mykje ein har lest tidlegere, kor ein kjem frå eller kor ein skal. Det er leseleiar, altså ein tilsett ved biblioteket, som vel ut kva som skal lesast, så det trengst ikkje noko form for førebuing. Det er berre å dukke opp som ein er, så les vi, snakkar saman og drikk kaffi.

Tilbodet vil i første omgang vere ved Moa bibliotek og på kafeen til Kirkens bymisjon, og begge plassar er det litterære pusterommet gratis og ope for alle.

Eige arrangement med tidspunkt for Litterære pusterom vil bli annonsert.

  • Treff: 138

Nytt år - nytt bibliotek

 

2020 er her, og Ålesund og Moa bibliotek har slått seg saman med biblioteka i Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy til Ålesundsbiblioteka. Biblioteket har hatt felles mediebase sidan midt i desember, men mykje er enno ikkje på plass, t.d. informasjon på nettsida om dei "nye" biblioteka og opningstidene deira. Det vil kome etter kvart. Men du kan søkje i basen og bestille bøker. Bruk knappane på bildet i front (Søk i basen, Bli låner, Min side). Du kan og laste ned Bibliofil-appen frå Appstore eller Google play, logge inn med lånekortnummer og pinkode. Har du ikkje pinkode, kan du be om å få han sendt på sms.

  • Treff: 237

«Ikke jugendstil» - Fotoutstilling med elevar frå Ålesund vgs

 



I januar skal elevar frå Ålesund videregående skole ha fotoutstilling på Ålesund bibliotek. Elevane går på medier og kommunikasjon, programfag bilete, og arbeidet med denne utstillinga har vore ein del av undervisninga. Utstillinga har temaet «Ikke jugendstil», og er i hovudsak bilete som er av noko anna enn jugendstil i og rundt Ålesund. Temaet er basert på at dei fleste bileta vi ser frå Ålesund i dag, inneheld jugendstil, og gjer at Ålesund ofte blir omtala som jugendbyen. Elevane skal vise at Ålesund er meir enn berre jugendstil.

Fotoutstillinga vil vere tilgjengeleg i opningstida til biblioteket frå 10.–31. januar.

Velkomen!

  • Treff: 192

Åpningstid jula 2019

 

I jula har biblioteket i Ålesund og på Moa følgende åpningstid:

Fredag 27. des.: kl. 10-14
Lørdag 28. des.: 10-14
Mandag 30. des.: 10-14

Julaften- og nyttårsaften stengt.

For ubetjente åpningstider på Moa, se her.

  • Treff: 398
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51